Abstract
I denne oppgåva ser eg på tilnærminga aktørane i norsk arbeidsliv har til sosial dumping. Bakgrunnen for dette temaet er eit ordskifte som har dukka opp etter aust-utvidinga av EØS-området. Med utvidinga av EU/EØS-området 1. mai 2004, vart åtte nye land ein del av den felles arbeids- og tenestemarknaden innan EØS-området. Sosial dumping-ordskiftet går i stor grad ut på kva konsekvensar dette vil få for den norske arbeidsmarknaden. Med bakgrunn i at ein i desse landa har lågare lønnsnivå enn i Noreg, og relativt høg arbeidsløyse, kan ein tenke seg at dette gir borgarane i desse landa ein betydeleg økonomisk insentiv for å ta turen mot til dømes Noreg. På kva måte kan dette påverke norsk arbeidsliv og arbeidsmarknad?
Både det offentlege ordskiftet og den faglege litteraturen som har vore produsert om denne problematikken har nytta ein terminologi som er lite presis og skildrar saksområdet på ein unøyaktig måte. Til dømes vert sosial dumping-omgrepet nytta, men tydinga dei einskilde aktørane legg i dette omgrepet sprikar.
Ved bruk av kvalitative intervju og analyser av litteratur som aktørane på arbeidsmarknaden har produsert kring tema som har med aust-utvidinga å gjera, ser eg i denne oppgåva på ståstaden til aktørane i dette ordskiftet. Vidare undersøkjer eg kva interesser aktørane har å ivareta i høve til det offentlege ordskiftet etter utvidinga av arbeidsmarknaden.
Eg viser i oppgåva kva sosial dumping er for aktørane i norsk arbeidsliv. For å gjere dette har eg brukt arbeidsmarknadsteori for å gi ei forståing av korleis norsk arbeidsliv er regulert og organisert. Vidare har eg ved hjelp av maktteori sett på kva for maktforhold det er mellom aktørane i arbeidslivet, og ved hjelp av diskursanalytisk teori og ei konstruktivistisk tilnærming sett på kva sosial dumping er for aktørane og korleis dette omgrepet blir brukt i ordskiftet i forhold til interessene aktørane har å ivareta.
Alle aktørane ser fordelar med utvidinga av marknaden, samstundes som dei er samde i at det også gir utfordringar. Dei er likevel ikkje samde om kva for arbeidsvilkår sin skal godta på norsk arbeidsmarknad, og ser også på stoda i arbeidslivet i dag på forskjellege måtar. Skildringane av verknadane av aust-utvidinga av EØS-området på norsk arbeidsmarknad er nokså ulike, etter kva aktør som legg den fram. Dei einskilde sine skildringar kan henge saman med rollene til aktørane i arbeidslivet.
Oppgåva viser korleis aktørane nyttar sosial dumping-ordskifte til både å skildre ein konkret situasjon, men også til å klargjere situasjonen for sin eigen del. Vidare brukar aktørane også omgrepet, gjennom dei versjonane dei presenterer, til å få gjennomslag for sine interesser.