Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:24:44Z
dc.date.issued2008en_US
dc.date.submitted2008-10-30en_US
dc.identifier.citationUndheim, Eva Aalberg. Grenser for styring. Masteroppgave, University of Oslo, 2008en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/14960
dc.description.abstractI løpet av få år har den humanitære stiftinga Flyktninghjelpen dobla både budsjett og talet på tilsette utanlands. Den store veksten har ført med seg ein del utfordringar for ein organisasjon som tidlegare har basert seg på til dels uformelle liner og kontakt. Den siste tida er det difor sett i verk ulike forsøk frå hovudkontoret på å samle og skape verktøy for prosjektplanlegging, implementering og evalueringar. Denne oppgåva diskuterer nokre av følgjene av desse tiltaka, gjennom ei studie av prosjektet Information, Counselling and Legal Assistance (ICLA), som Flyktninghjelpen driv i Khartoum. Sentrale spørsmål som vert diskuterte er korleis prosjektet i Sudan har teke form, kva for interesser, aktørar og faktorar som har påverka prosjektet og kva kontroll- og innsynsmekanismar hovudkontoret i Oslo har hatt med denne prosessen. Føremålet med oppgåva har vore å svare på følgjande forskingsspørsmål: I kva grad kan bistandsprosjekta til Flyktninghjelpen styrast gjennom formelle reglar og organisasjonsstruktur? Ulike teoretikarar tek i bruk ulike perspektiv og omgrep i analysen av organisasjonar. Scott ser ein organisasjon som ei samling regulative, normative og kognitive element og aktivitetar, og meiner blandingsforholdet mellom desse pilarane avgjer graden av institusjonalisering i ein organisasjon. Relatert til desse tre pilarane har Christensen m.fl. utvikla tre heilskaplege perspektiv i analysen av organisasjonar, der dei skil mellom ei strukturell-instrumentell tilnærming og to institusjonelle tilnærmingar. Desse tre perspektiva utgjer plattforma for analysen i denne oppgåva. Saman opnar dei for ein vid diskusjon av forholdet mellom organisasjonsstruktur og formelle reglar i Flyktninghjelpen på den eine sida og prosjektutforming på den andre.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleGrenser for styring : Ein studie av prosjektet Information, Counselling and Legal Assistance , som Flyktninghjelpen driv i Khartoum i Sudan.en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2009-05-18en_US
dc.creator.authorUndheim, Eva Aalbergen_US
dc.date.embargoenddate10000-01-01
dc.rights.termsDette dokumentet er ikke elektronisk tilgjengelig etter ønske fra forfatter. Tilgangskode/Access code Aen_US
dc.rights.termsforeveren_US
dc.subject.nsiVDP::240en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Undheim, Eva Aalberg&rft.title=Grenser for styring&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2008&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-20930en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo86360en_US
dc.contributor.supervisorTom Christensenen_US
dc.identifier.bibsys092471501en_US
dc.rights.accessrightsclosedaccessen_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/14960/2/MasteroppgxvexEvaxAalbergxUndheim.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata