Abstract
Denne oppgåva handlar om utviklinga av det geografiske området rundt Nordsjøen som ein politisk region og ein identitetsregion. Det vert forsøkt å svara på i kva grad det eksisterer ein eigen fellesidentitet blant innbyggjarane i Nordsjøregionen og kva som eventuelt utgjer denne. Oppgåva tek dessutan mål av seg til å spesifisera kva aktørar som eventuelt prøver å byggja opp ein slik nordsjøidentitet og kva verkemiddel dei nyttar i så måte. I tillegg har oppgåva gått djupare inn i to prosjekt som kan definerast som identitetsbyggjande og spurt i kva grad dei har vore vellukka eller ikkje og kvifor. Endeleg har denne oppgåva forsøkt å vurdera nordsjøsamarbeidet i lys av breiare teoriar om politisk samhandling og utvikling. Særleg har teorien om multilevel governance og Stein Rokkan sine omgrep omkring sentrum og periferi vorte diskuterte i forhold til nordsjøsamarbeidet.
Oppgåva viser at det finst materiale som byggjer opp under ein påstand om at felleskulturelle trekk eksisterer i nordsjøområdet. Historikaren Lex Heerma van Voss viser til eit utstrekt samhandlingsmønster i regionen i mellomalderen og kulturforskaren Geert Hofstede har utarbeidd materiale som tyder på at det eksisterer felleskulturelle trekk i den såkalla Nordsjøregionen. Likevel tydar ein analyse av dokumenttilfang frå sentrale aktørar i nordsjøsamarbeidet på at det byr på vanskar for desse aktørane å definera kva innhaldet i ein nordsjøidentitet er. Fysiske og geoøkonomiske trekk er mest vektlagde i desse dokumenta. Data kan såleis tyda på at identitet i form av samkjensle mellom borgarar i rundt Nordsjøen er svak.
Det synest klart at Nordsjøregionen er i ferd med å manifistera seg som ein politisk region, særleg gjennom den institusjonelle forankringa i Nordsjøkommisjonen og Interreg Nordsjøprogramma. Oppgåva byggjer vidare klart opp under ein tese om at det føregår aktive forsøk på å byggja opp fellesidentitet i Nordsjøregionen, særleg under paraplyen av det såkalla interreg Nordsjøprogrammet, som Nordsjøkommisjonen (interesseorganisasjonen for regionkommunar i Nordsjøregionen) har teke initiativet til.
Sjølv om uttrykka for Nordsjøidentitet synest veike, gjev ikkje materialet i oppgåva grunnlag for å konkludera i høve til spørsmålet om i kva grad ei samkjensle blant borgarane i Nordsjøregionen eksister. For å svara betre på det, trengst eit meir omfattande datamateriale. Oppgåva gjev heller ikkje grunnlag for å hevda at dei identitetsbyggjande prosjekta lukkast på lang sikt, men det går klart fram at prosjektet NoordXXI har ført til eit imponerande tal publikasjonar sjølv om prosjektet har vore lite integrert. Data tyder på at årsaka til problema kan sporast til ein vag, fleirtydig målstruktur og ei lite koordinert prosjektstyring. Konfliktnivået synest og å ha vore noko høgre i NoordXXI-prosjektet enn i sykkelruteprosjektet. Det går fram av oppgåva at den såkalla Nordsjøsykkelruta er etablert på ein vellukka måte. Klare, konsistente og målbare målsettingar kan synast å vera den viktigaste årsaka til at dette prosjektet har vore såpass vellukka. I kva grad sykkelruta har ein identitetsbyggjande effekt, står att å sjå.
Sjølv om nordsjøregionen samla ikkje framstår som spesielt perifer, tyder materialet i oppgåva på at Interreg Nordsjøprogrammet i stor grad er eit rom for periferiane i nordsjøregionen. Ein stor del av prosjekta som er presenterte, verkar i område som vert oppfatta som periferiar av prosjektleiingane sjølve. Det kan såleis synast som at identitetsbyggjing i nordsjøregionen i stor grad føregår i spennet mellom perifere regionkommunar, EU-systemet og nasjonalstatar og at det spesielt er dei to første nivåa som spelar ei aktiv rolle i denne prosessen. Likevel tydar nasjonalstatane sitt engasjement i samarbeidet på at nordsjøsamarbeidet førebels ikkje utgjer eit trugsmål mot nasjonalstatleg suverenitet og nasjonal identitet. Dette kan ha samanheng med at sterke nasjonar og nasjonalstatar synest vera utvikla i nordsjøregionen, slik det går fram av arbeidet til den politiske sosiologen Derek Urwin som arbeider i tradisjon etter Stein Rokkan. I kva grad Nordsjøregionen vil utvikla seg som ein identitetsregion synest såleis å avhenga av forholdet mellom intenderte, aktørstyrte forsøk på å byggja opp ein slik identitet, og dei alt oppbygde og stadig vedlikehaldne nasjonale identitetane som eksisterer i området. For å få eit klarare bilete av desse prosessane, bør vidare forsking på området i større grad søkja å utforska djubda og breidda i nasjonal identitet og nordsjøidentitet i omådet. Ei samanlikning med andre regionar som østersjøregionen eller middelhavsregionen kan synast fruktbart i så måte.