Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:20:55Z
dc.date.available2013-03-12T09:20:55Z
dc.date.issued1991en_US
dc.date.submitted2002-10-01en_US
dc.identifier.citationArnulf, Geir. Forhandla overgang i vest - og i aust?. Hovedoppgave, University of Oslo, 1991en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/14812
dc.description.abstractFORHANDLA OVERGANG I VEST - OG I AUST? I åra 1975-77 gjennomgjekk Spania ein politisk endringsprosess ei regimeendring frå autoritært til demokratisk styresett (kap. 3). Utfallet av denne endringa blir forklart som eit elitekompromiss mellom aktørar i regimet og i opposisjonen - ein forhandla overgang (kap. 2). Åra 1987-90 gav politisk endring i Aust-Europa. Oppgåva ser på endringsprosessane i Polen (hovudcase) og Ungarn (referanse- og bi-case) ut frå eit samanliknande perspektiv der analysereiskapen er forhandla overgang. Oppgåva stiller fleire spørsmål - her er nokre av dei viktigaste med dei svara analysen gir : * Regimeendring i aust? - Ungarn hadde fullført ei regimeendring med demokrati som utfall våren 1990. - Polen hadde ikkje fullført ei slik regimeendring, men var gått langt i demokratisk retning. Fortsatt mangla eit parlamentarisk valt parlament (kap. 4) * Historiske og kontekstuelle rammevilkår: hindring, mulighet eller årsak? - Felles for både Polen og Ungarn var at dei som kommunistiske autoritære regime på 1980-talet ikkje kunne karakteriserast som vesensforskjellige frå andre autoritære regime (Spania) knytt til tre potensielt endringshindrande variablar: stat-samfunn, statsmakta og legitimitetsgrunnlag. Fråværet av desse hindringane opna for regimeendring. - Sovjet slutta å ivareta si rolle som garantist for regimestabilitet. Dette opna for regimeendring, samtidig spela ikkje Sovjet noko direkte rolle som bestemmande faktor for den politiske endringa som fann stad. - Økonomien kan ikkje forklara den politiske endringa. Strukturproblem var av gammal dato og produksjonen viste ikkje noko dramatisk fall føre den politiske endringa. Gjeldssituasjonen vart imidlertid dramatisk tilspissa, noko som intensiverte krisa (kap. 5). * Som hovudcase vert Polen 1980-81 analysert. Kvifor mislykkast prosessen i 1980-81 (og ikkje i 1987-90)? - Dei reformorienterte elitane mislykkast i å samla tilstrekkeleg sterk støtte bak dei avtalane som vart forhandla fram. Derfor mislykkast iverksetjinga (kap. 5). * Prosessane som forhandla overgang? Endringsprosessane kan, både i Polen og i Ungarn, karakteriserast for forhandla overgangar kjenneteikna ved; utfalla lenge uvisse og knytta til val delvis i regimet, delvis mellom regime-opposisjon, og delvis i opposisjonen. Rundebordsavtalar og elitemoderat åtferd i iverksetjingsfasen spela ei sentral rolle i ein prosess prega av kritiske fasar (milepelar; sonderingar, forhandlingar, val, regjeringsdanning)(kap. 7). * Kva motiverte dei reformorienterte i det autoritære regimet? - Det å identifisera motiv metodologisk vanskeleg, men i Ungarn kan det argumenterast for at aktørane såg gode sjansar til å vinna politisk innflytnad også under demokratisk konkurranse. I Polen kan ein vanskeleg sannsynleggjera slike motiv; og det blir argumentert for at forklaringa må søkjast i militære motiv (interesser) og normer (kap. 8). Oppgåva konkluderer med at ein fekk ei forhandla overgang også i aust. Reformorienterte grupper i regimet lykkast både i å sikra kontroll i eigne rekkjer og i å skapa ein ny regimeberande koalisjon med grupper i opposisjonen. Men at den ungarske endringa viser fleire fellestrekk med den spanske enn den polske (utfall, sterkare tyngdepunkt for viktige avgjerdsler i regimet - element av 'styrt' overgang, og motivasjonselementet). Det bør presiserast at svara her i nokon grad er spissformulerte og mindre nyanserte enn i sjølve oppgåva, som søkjer å sannsynleggjera og derfor ikkje kan trekkja like bastante konklusjonar.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.subjecthovedoppgave statsvitenskap Spania Polen Ungarn DEWEY: Comparative government: Koalisjoner:komparative regjeringssystemer: Komparativ politikk: Komparative forfatningssystemer:statsvitenskap: Komparative regjeringssystemer:statsvitenskap: Sammenliknende forfatningssystemer:statsvitenskap: Sammenliknende politikk: Sammenliknende regjeringssystemer:statsvitenskap: Europa:politiske forhold: politiske forhold:Vest europa:en_US
dc.titleForhandla overgang i vest - og i aust? : ein komparativ analyse av regimeendringsprosessar i Spania, Polen og Ungarnen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2003-07-04en_US
dc.creator.authorArnulf, Geiren_US
dc.subject.nsiVDP::240en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Arnulf, Geir&rft.title=Forhandla overgang i vest - og i aust?&rft.inst=University of Oslo&rft.date=1991&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-34852
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo706en_US
dc.identifier.bibsys920459927en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata