Abstract
REGULERING AV TRANSPORTSEKTOREN I GASSMARKNADEN - KVEN VINN KAMPEN OM GRUNNRENTA
Problemstillingar:
Røyrselskapa som eig røyrleidningane som transporterer gass på Kontinentet, har vore monopolistar ved kjøp av gass frå produsentane og monopolistar ved sal av gass til konsumentane. Ved innføring av den indre marknaden i EF har det vore ei målsetting å få fri flyt av alle varer innan EF-området. Dette gjeld også energi. Arbeid pågår for å regulere energimarknaden i tråd med EFs målsetting. Gjennom reguleringa ønskjer EF-Kommisjonen å redusere pris på transport og sikre leveringstryggleik av gass. Røyrselskapa er imot desse reguleringstiltaka, mellom anna fordi det vil føre til at deira del av grunnrenta vert redusert.
Fylgjande konkrete problemstillingar vert diskutert i oppgåva:
1. Kva karaktereiserer transportsektoren i gassmarknaden, og kva skaper trong for å regulere denne marknaden? I den samanhengen må ein vurdere om det er teknisk og organisatorisk mogeleg å endre organiseringa av transportsektoren, og kva reguleringskostnader ein må rekne med dersom omfattande reguleringstiltak vert gjennomført.
2. Kva skal til for at Kommisjonen skal vere i stand til å regulere marknaden? Dette inkluderer spørsmålet om Kommisjonen har truverdige tvangsmiddel å sette i verk for å presse røyrselskapa til frivillig å akseptere endringar i organiseringa av transportsektoren og om røyrselskapa i det heile let seg presse til å gje etter for Kommisjonens forsøk på å tvinge selskapa til å akseptere endringar.
3. Er det sikkert at reguleringane faktisk fører til det resultatet ein ønskjer? Under dette høyrer spørsmålet om reguleringstiltaka vil oppfylle dei målsettingane EF-Kommisjonen har sett for å kunne forsvare å gjennomføre omfattande reguleringar.
Spelteori er brukt som analysereiskap for å sjå på forholda mellom aktørane i transportsektoren i gassmarknaden.