Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:16:56Z
dc.date.available2013-03-12T09:16:56Z
dc.date.issued1997en_US
dc.date.submitted2002-10-01en_US
dc.identifier.citationRuset, Bjørn Inge. Internasjonale militære operasjonar. Hovedoppgave, University of Oslo, 1997en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/14276
dc.description.abstractINTERNASJONALE MILITÆRE OPERASJONAR Formålet med denne oppgåva er å finne ut om betingelsane for suksess i internasjonale militære operasjonar er dei same for operasjonar i inter-statlege konflikter, som for operasjonar i intra-statlege konflikter. Oppgåva omhandlar det som ofte blir kalla fredsbevarande operasjonar. FN har sidan opprettinga i 1945 brukt militære styrkar som instrument for å løyse konflikter. Desse styrkane er blitt kalla fredsbevarande styrkar. Etter erfaringar frå fleire konflikter (i hovedsak inter-statlege) utkrystalliserte det seg fire betingelsar for suksess i slike operasjonar: samtykke til utplassering, upartisk åtferd, maktbruk berre i sjølvforsvar og legitimitet gjennom representativitet. Dei militære styrkane fungerte vanlegvis som observatørar eller som bufferstyrke mellom dei stridande partane (ofte etter inngått våpenkvile). Militære fredsoperasjonar er i stor grad knytt til FN, og opp til 1989 har FN stort sett sjølv leia dei ulike operasjonane. Etter 1989 er det blitt meir og meir vanleg at regionale organisasjonar og alliansar utfører og leier dei militære operasjonane, men med FN-mandat. Etter 1989 har FN også engasjert seg i konflikter der slik utplassering av observatørar ikkje har vore tilstrekkelig og der deployering av bufferstyrkar ikkje har vore mogeleg (intra-statlege konflikter). Intra-statlege konflikter er ofte kjenneteikna av fleire enn to partar, og med manglande kommandolinjer. Stridsmiljøet i slike konflikter er ofte prega av gjentatte brot på krigens folkerett, og kamphandlingane er vanlegvis kaotiske og uoversiktelege. Som empiri blir det gitt ein oversikt over omfanget av internasjonale militære operasjonar samt dei to ulike konflikttypene (intra-statleg og inter-statleg) i perioden 1945 til 1995. Det blir også gitt ei innføring i det relativt omfattande begrepsapperatet som omhandlar det som vanlegvis blir kalla fredsbevarande operasjonar. På grunn av det komplekse og ofte motstridande begrepsapperatet som omhandlar slike operasjonar brukast samlebegrepet internasjonale militære operasjonar. Oppgåva sitt fokus på militære operasjonar gjer det nødvendig med ei innføring i militærteoretisk og militærteknologisk utvikling. Oppgåva tar utgangspunkt i betingelsar for suksess i slike operasjonar i inter-statlege konflikter, og brukar deretter dei same betingelsane for å vurdere suksess i intra-statlege konflikter. Ved først å finne om betingelsane er oppfylte, og deretter vurdere om dette har medført suksess kan eg seie noko om betingelsane er dei same for dei to konflikttypene. Ein internasjonal militær operasjon kan etter mitt syn reknast som ein suksess, om den greier å skape ein situasjon som er prega av eit fråvær av krig (kamphandlingar). Det må imidlertid framhevast at det i tillegg til eit slikt fråvær av krig også er nødvendig å setje inn andre verkemiddel. Militære styrkar kan ikkje åleine løyse konflikter, men dei kan skape ein situasjon der andre politiske og økonomiske verkemiddel kan setjast inn, og forhåpentligvis medvirke til stabilitet på lengre sikt. Mellomnivådebatten er ein relativt ny debatt som omhandlar to retningar i synet på betingelsar for suksess i intra-statlege konflikter. Det ser for meg ut som denne debatten er mindre relevant. Dette har sin bakgrunn i at begge retningane (amerikansk og britisk) ikkje tar høgde for at dei tradisjonelle betingelsane for suksess er etablert for ei anna type konflikter, og under eit anna tryggingspolitisk regime enn det vi har i dag. Debatten fokuserer på konsekvensar ved bruk av militære maktmiddel. Debattantane går også til ein viss grad inn på betydninga av betingelsen samtykke. Debattantane evnar ikkje å sjå problematikken i forhold til å identifisere partar i intra-statlege konflikter. Sjølve mellomnivåbegrepet verkar konstruert og ser ikkje ut til å bidra til å skape konseptuell klargjering. Etter å ha analysert dei to valgte kasus, dei internasjonale militære operasjonane i henholdsvis Bosnia-Herzegovina og Somalia, konkluderte eg med at betingelsane for suksess ikkje var dei same for intra-statlege konflikter som for inter-statlege konflikter. Utfallet av analysen for Bosnia-Herzegovina ser ut til å støtte min antagelse om at betingelsane for dei to konflikt-typene er ulike. Utfallet av analysen av operasjonane i Somalia ser ut til å verken støtte eller svekke min antagelse. Hovedargumentet for at betingelsane for suksess er forskjellige for internasjonale militære operasjonar i dei ulike konflikttypene, ser ut til å vere at konflikttypene er vesensforskjellige. Dei tradisjonelle betingelsane for suksess ser ikkje ut til å vere relevante for operasjonar i intra-statlege konflikter. Dette er spesielt knytt opp mot problemstillingar knytt til identifisering av partar, herunder etablering av samtykke. Maktbruk berre i sjølvforsvar ser ikkje ut til å vere relevant som suksesskriterium i intra-statlege konflikter. Legitimitet og upartisk åtferd kan til ein viss grad reknast som relevante betingelsar for suksess i intra-statlege konflikter. Dette fordrar imidlertid ei betydeleg utviding av forståinga av begrepet.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.subjecthovedoppgave statsvitenskap DEWEY: folkerett:Fredsstyrker:en_US
dc.titleInternasjonale militære operasjonaren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2003-07-04en_US
dc.creator.authorRuset, Bjørn Ingeen_US
dc.subject.nsiVDP::240en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Ruset, Bjørn Inge&rft.title=Internasjonale militære operasjonar&rft.inst=University of Oslo&rft.date=1997&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-38544
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo465en_US
dc.identifier.bibsys980194083en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata