Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:13:08Z
dc.date.available2013-03-12T09:13:08Z
dc.date.issued2002en_US
dc.date.submitted2002-10-01en_US
dc.identifier.citationWalaker, Tore Wilken Nitter. "Dejtonska Republika". Hovedoppgave, University of Oslo, 2002en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/13859
dc.description.abstractTema for denne hovedoppgåva er kva som har stått i vegen for ei ny valglov i Bosnia-Hercegovina etter Dayton-avtalen av 1995, og korleis vedtakinga av ei ny valglov heng saman med politikken som har vore ført i landet i perioden etter krigen tok slutt. Ingen av dei tre første utkasta til valglov vart tekne opp i parlamentet og diskutert gjennomførleg før sommaren 2001, som er den siste perioden oppgåva dekkar. Kvifor vart saka utsatt i så mange år? Kven stod bak denne treneringa? Dayton-avtalen trakk opp ein ny konstitusjon for landet og slo fast at det skulle haldast valg til alle nivå av forvaltninga. Institusjonsstrukturen i landet er svært komplisert. Det er eit føderalt system der mykje makt er delegert ned til entitetane, føderasjonseinheitane. I tillegg er den eine av dei to entitetane også ein føderasjon, der makt er delegert ned på kantonnivå. Institusjonsstrukturen viser seg å vere svært kompleks, med tre nivå i den eine entiteten, og fire, av og til fem, nivå i den andre entiteten. At ein føderal stat fører til ei betre tilpassing til borgaranes preferansar, og legg begrensingar eller band på statsmakta som bidrar til å sikre borgarane deira friheit, er likevel svært langt frå realitetane. Målet om å skape ei valglov for Bosnia-Hercegovina var det politisk strid om, og politiske krefter motarbeida målet om ei valglov. Til tider var det ikkje ein gong mulig å få til ein debatt om eit konkret forslag til valglov. Fire område var politisk brennbare: Det første gjaldt stemmerettsreglar som i særleg grad angår flyktningar. Det andre og tredje valgsystem til parlament og den føderale statsorganiseringa. Det fjerde reglane for valg til presidentskap. Valgsystemet legg grunnlaget for representasjon i organ der nasjonalistiske parti dominerte i perioden 1995-2000. Den føderale statsforma er av så spesiell karakter at den bestemmer både politikk og innbyggjaranes rettigheiter på ein særeigen måte. Regjeringsforma er spesiell i eit samfunn der nasjonalistiske parti har dominert og nærast utgjort ein koalisjon. Presidentskapet skulle vere etnisk basert, noko som vart fastslått i Konstitusjonen som var ein del av Dayton-avtalen. Dette var med basis i tidlegare praksis i landet. Faren ved for sterk etnisk fokus på presidentskapet kan vere at ekstreme kandidatar får for mykje spelerom. Metoden for valg kan imidlertid ha store konsekvensar for kven som blir utpeikt til å representere si etniske gruppe. Ved å endre valgmetoden til eit preferansevalgsystem kan kompromisskandidatar lettare vinne fram. Konstitusjonen legg sterke føringar på at Bosnia-Hercegovina skal vere ein etnisk stat. Det gjeld både reglar for valg av presidentskap og overhuset. Med innføring av eit proporsjonalt valgsystem for overhuset, vart noko endra i meir moderat retning. For presidentskapet kan det vere nødvendig å endre konstitusjonen for å få til ein moderat kurs i bosnisk politikk. Oppgåva har sikta mot å belyse korleis politiske stridsspørsmål og institusjonelle hindringar i Bosnia-Hercegovina hindra ei valglov frå å bli vedteken.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.title"Dejtonska Republika" : Valglov i Bosnia-Hercegovina etter Dayton-avtalenen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2003-07-08en_US
dc.creator.authorWalaker, Tore Wilken Nitteren_US
dc.subject.nsiVDP::240en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Walaker, Tore Wilken Nitter&rft.title="Dejtonska Republika"&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2002&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-2990en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo2941en_US
dc.contributor.supervisorBjørn Erik Raschen_US
dc.identifier.bibsys021870160en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/13859/1/2941.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata