Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:18:41Z
dc.date.available2013-03-12T09:18:41Z
dc.date.issued1991en_US
dc.date.submitted2002-10-01en_US
dc.identifier.citationHauge, Wenche. Esquipulas II and reality. Hovedoppgave, University of Oslo, 1991en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/13598
dc.description.abstractESQUIPULAS II AND REALITY: OBSTACLES TO THE FULFILMENT OF THE CENTRAL AMERICAN PEACE PLAN Oppgåva tek for seg den mellom-amerikanske fredsplanen, Esquipulas II, som vart underteikna av presidentane frå El Salvador, Guatemala, Nicaragua, Honduras og Costa Rica, den 7. august 1987. Fredsplanen fekk namnet, Esquipulas II, etter byen der han vart underteikna. Mellom-Amerika har lengje vore ein region herja av sosial uro, konflikter og borgarkrig. I Nicaragua gjorde Sandinistane revolusjon i 1979, medan væpna motstandsrørsler også har bygd seg opp i nabolanda El Salvador og Guatemala. Fredsplanen har fleire paragrafar som går direkte på dei væpna konfliktene, m.a. som omhandlar våpenkvile og krav om stans av hjelp til opprørsstyrkar og irregulære grupper. Det utgjer likevel eit problem i utgangspunktetrat fredsplanen er ein regional fredsplan, medan dei fleste viktige konfliktlinjer går internt i kvart enkelt land, mellom ulike grupper der. Verken Contras frå Nicaragua eller gerilja frå El Salvador eller Guatemala var med i forhandlingsprosessen som førte fram til underteikninga og utforminga av Esquipulas II. Denne oppgåva fokuserer nettopp på implementeringa av Esquipulas II, i ein periode avgrensa frå 7. august 1987 og ut 1989. (Berre enkelte sentrale hendingar frå byrjinga av 1990 er tekne med i tillegg). Hovudmålet med oppgåva har vore å identifisere dei viktigaste hindringane for gjennomføringa av fredsplanen. I dette arbeidet valde eg å bruke C.R. Mitchell sin gjennomgang av konflikt-teori frå boka, "The Structure of International Conflict", som hovudreiskap for analysen. Oppgåva har ei brei tilnærming til problema og analysen er lagt opp på tre plan; det nasjonale, regionale og det internasjonale, med ei sterkare integrering av dei ulike nivåa mot slutten. Etter presentasjonen av problemstillinga i introduksjonen følgjer ein gjennomgang av teorien, i kap. 2. I kap. 3 blir grunnleggjande omgrep frå konflikt-teorien anvendt i identifiseringa av konfliktpartane og konfliktlinjene, - først på det nasjonale nivå, så på det regionale. Den internasjonale konteksten, med særleg vekt på USA sin rolle i konfliktene i Mellom-Amerika, blir brakt inn i kap. 4, som også gir eit historisk tilbakeblikk. Ein gjennomgang av forhandlingane som førte fram til underteikninga av fredsplanen, følgjer i kap. 5 og presentasjon og analyse av sjølve fredsplanen i kap. 6. Implementeringa av fredsplanen blir teke opp og drøfta i kap. 7, med endeleg oppsummering i kap.8. Denne hovudoppgåva er først og fremst basert på eit studium av litteratur. Det meste av denne er henta fram under eit opphald ved det mellomamerikanske forskingssenteret, CSUCA, med sete i San Jose, Costa Rica. Årsaken til at oppgåva er skreven på engelsk er først og fremst eit ønskje frå tilsette ved CSUCA, om å få tilgang på meir av det materialet som blir laga om Mellom-Amerika av studentar og forskarar utanfor regionen. - Det finst ein rapport om CSUCA i appendixen til oppgåva.nor
dc.language.isoengen_US
dc.subjecthovedoppgave statsvitenskap fredsplan El Salvador Nicaragua Guatemala Honduras konfliktforskning Costa Rica DEWEY: Sentral amerika:utenrikspolitikk:en_US
dc.titleEsquipulas II and reality : obstacles to the fulfilment of the central american peace planen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2003-07-04en_US
dc.creator.authorHauge, Wencheen_US
dc.subject.nsiVDP::240en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Hauge, Wenche&rft.title=Esquipulas II and reality&rft.inst=University of Oslo&rft.date=1991&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-34478
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo20en_US
dc.identifier.bibsys911361227en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata