Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:15:43Z
dc.date.available2013-03-12T09:15:43Z
dc.date.issued1994en_US
dc.date.submitted2002-10-01en_US
dc.identifier.citationNyhagen, Jens Fredrik. Ei ny og betre verd?. Hovedoppgave, University of Oslo, 1994en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/13472
dc.description.abstract"EI NY OG BETRE VERD? EIN ANALYSE AV DEBATTEN OM "THE NEW WORLD ORDER" Bakgrunnen for hovudoppgåva er debatten om ein ny verdsorden etter den kalde krigen. Debatten tok utgangspunkt i talar George Bush haldt under krisa i Persiabukta hausten 1990. Verdsorden kan plasserast på eit teoretisk kontinuum frå minimal til optimal orden. Minimal orden er definert som fråvær av krig mellom stormakter, medan optimal orden krev oppfylling av andre verdiar som sosial rettferd, respekt for menneskerettar og forsvar for miljøet. Dei sentrale problemstillingane som vert drøfta er kva ulike skoleretningar i studiet av internasjonal politikk legg i omgrepet verdsorden, kva praktisk politikk dei rår til i den nye situasjonen og om dette vil føre til at den nye verdsorden vil representera ei flytting på kontinuumet i retning ein meir optimal orden. Eit realistisk og eit liberalt-idealistisk perspektiv er brukt som utgangspunkt for drøftingane. Det liberale perspektivet er knytta til dei teoretikarane som bygger på Kant sine tankar om at demokrati ikkje går til krig mot kvarandre. Ut frå dei grunnleggjande føresetnadene til desse perspektiva vert dei plasserte i høve til kontinuumet minimal-optimal orden. Analysene dei ulike teoretiske retningane gjer av korleis verda er, og blir, etter den kalde krigen, leier til ulike tilråingar for val av praktisk politikk. Realistane fokuserar på at strukturen i det internasjonale systemet, anarkiet, fører til at stormaktene vil vera konkurrentar uansett ideologi. Dei vestlege stormaktene vil etter at den felles fienden forsvant, på ny stå mot kvararldre i kamp om innverknad og makt i verda. Dei bør derfor bu seg på å føre ein maktbalansepolitikk for å hindre nye krigar i verda. Statar må prøve å oppretthalde ein minimal orden, å prøve på noko meir vil vera umuleg. Det idealistiske perspektivet ser slutten på den kalde krigen som ein siger for det liberale demokratiet. Ei utbreiing av denne styreforma til stadig fleire statar vil gjere sjansane for krig mindre. Det vil vera eit steg på vegen mot ein optimal orden. Begge desse perspektiva overser ein del sentrale trekk ved utviklinga: realistane legg for liten vekt på dei fora for konfliktløysing som er etablert i verda. Den politikken dei rår til vil kunne verke som ein sjølvoppfyllande profeti fordi den krev at statar må sjå med mistru på kvarandre. Dei liberale fokuserar i for stor grad på frie val som kjenneteikn på demokrati. Etablering av stabile demokrati overalt i verda krev økonomisk utjamning mellom rike og fattige land. Det krev i sin tur at dei rike landa gjer opp ein del privilegiar. Det er vanskeleg å få til i eit demokrati. Konklusjonen er at desse skoleretningane ikkje gjer særleg grunnlag for håp om ein meir optimal verdsorden.nor
dc.language.isonoben_US
dc.subjecthovedoppgave statsvitenskap DEWEY: Integrasjon:internasjonal politikk: Internasjonal politikk: Internasjonale forhold: Mellomfolkelige forhold: internasjonal politikk:Regimedannelse:en_US
dc.titleEi ny og betre verd? : ein analyse av debatten om "the new world order" ny og betre verd?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2003-07-04en_US
dc.creator.authorNyhagen, Jens Fredriken_US
dc.subject.nsiVDP::240en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Nyhagen, Jens Fredrik&rft.title=Ei ny og betre verd?&rft.inst=University of Oslo&rft.date=1994&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-38411
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo167en_US
dc.identifier.bibsys942328000en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata