Abstract
"SKULE OG POLITIKK" EI KARTLEGGING AV FOLK SINE MEININGAR OM SENTRALE SKULEPOLITISKE SPØRSMÅL
Siktemålet med denne oppgåva har vore å kartlegge mønsteret i folk sine meiningar om nokre sentrale skulepolitiske spørsmål.
Tre hovudproblemstillingar er forma som spørsmål om samanhengar mellom sosial bakgrunn, barnestatus, partipreferanse og skulepolitiske preferansar. Ei underproblemstilling er retta mot meiningar til foreldre med/utan ververfaring i skulen, og ei siste tar for seg samsvaret mellom utsegner tilhengarar av eit parti sine skulepolitiske meiningar og respektive partiprogram
Undersøkingar av William Lafferty (1989,1990), viser at svært lite statsvitskapleg forskingsarbeid er utført på området "skule og politikk". Dette er ei av årsakene til at oppgåva har hatt ei induktiv tilnærming og eit deskriptivt preg.
I analysen har eg gjort nytte av 15 skulepolitiske spørsmål samla inn av MMI i 1991 på oppdrag av SKOLP-prosjektet. For å gjere den empiriske analysen og kartlegginga meir oversiktleg og systematisk, vart spørsmåla gruppert i dei fire temaområda LÆRARSTATUS, PEDAGOGIKK, STYRING og SATSINGSOMRÅDE.
I kapittel 1 vert omradet "skule og politikk" drøfta ved å vise til forskinga til Alfred Oftedal Telhaug og William Lafferty. For å eksemplifisere at lite forskingsarbeid er gjort på dette survey-omradet, tar eg for meg valundersøkingane til Henry Valen og Bernt Aardal. Det vert og gjeve ein grundigare definisjon av omgrepet meining. Tema og problemstillingar vert dessutan presenterte og diskuterte.
I kapittel 2 vert data og metode drøfta. Dei tre spørsmålstypane som er nytta i survey verte sett på - særleg i høve til målenivå. Til slutt vert det argumentert for val av bivariat og multivariat analyseteknikk
I kapittel 3, 4, 5 og 6 vert den empiriske analysen gjennomført. Kvart kapittel vil bygge på eit av dei fire temaområda; LÆRARSTATUS, PEDAGOGIKK, STYRING og SATSING. Kapitla startar med ein kort gjennomgang av debatten på området. SKOLP-prosjektet sine operasjonaliseringar av stridsspørsmåla vert deretter presenterte. Ved hjelp av ein bivariat og ein multivariat teknikk vert så temaområda granska i høve til dei tre hovudproblemstillingane og dei to underproblemstillingane. Det bivariate resultatet er presentert ved hjelp av gjennomsnitt (mean). Dei sosialstrukturelle variablane som er brukt er kjønn, alder, utdanning, yrke, sektor, inntekt og urbaniseringsgrad. Barnestatus-variabelen er konstruert med utgangspunkt i respondentar som har barn, og alderen på barna. I analysen vert det ei vektlegging på det deskriptive. For å forklare resultata, vert det drege veksel på ulike teoriar, hypotesar og funn frå fleire forskarar. Særleg nytta er arbeida til Oddbjørn Knutsen, William Lafferty, Alfred Oftedal Telhaug, Henry Valen og Bernt Aardal og Scott Flanagan. I siste del av kvart kapittel ser eg på implikasjonar av analyseresultata.
I kapittel 7 tar eg utgangspunkt i problemstillingane og gjer ei grundig oppsummering av dei viktigaste funna i dei fire analysekapitla. Dei mest rimelege forklaringane på resultata vert presenterte og diskuterte. Til slutt prøver eg å sjå analysen i eit perspektiv. Særleg vert politiske konsekvensar på eit parlamentarisk nivå debattert. Ein viktig faktor som vert teken opp, er mangelen på samsvar mellom folk sine meiningar og utsegner i partiprogramma.