Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:26:35Z
dc.date.available2013-03-12T09:26:35Z
dc.date.issued2000en_US
dc.date.submitted2002-10-01en_US
dc.identifier.citationSunde, Tom Daniel Øyrehagen. Kosovo: krig og fred. Hovedoppgave, University of Oslo, 2000en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/13264
dc.description.abstractProblemstillinga som ligg til grunn for drøftingane i oppgåva er todelt. For det fyrste ønskjer eg å finne svar på kvifor det ikkje lukkast å få til ei forhandlingsløysing i Rambouillet, og kvifor NATO då iverksette flyangrep mot Jugoslavia. I den andre delen av problemstillinga spør eg kva som kunne forklare at Serbia etter 11 veker med NATO-bombing, gjekk med på å skrive under ein avtale som tilsynelatande var nær identisk med den dei hadde nekta å godta i Rambouillet og Paris tre månader tidlegare. Ettersom eg i denne oppgåva ikkje har drøfta moglege ikkje-rasjonelle forklaringar på Serbia og NATO sin åtferd, kan dei rasjonelle forklaringane eg her har kome fram til bare sjåast på som moglege forklaringar på aktørane sin åtferd. Eg viser at Serbia ikkje oppfatta NATO sin trussel om flyangrep som tilstrekkeleg alvorleg, og at trusselen dermed ikkje var effektiv. Eg argumenterer for at årsaka til dette var omsynet til Milosevic-regimet sin maktposisjon. Dermed var det innanrikspolitiske omsyn som gjorde det rasjonelt for Serbia å ikkje skrive under Rambouillet-avtalen. NATO sin trussel om flyangrep hadde vorte sett fram for fyrste gong allereie nesten eitt år tidlegare (våren 1998). Med omsyn til alliansen sin truverdighet, er det ikkje lett å sjå kva alternativ NATO på dette tidspunktet hadde til å oppretthalde trusselen. Trusselen vart prøvd gjort meir truverdig gjennom stadig oppbygging av flystyrke og gjennom å gje inntrykk av at luftangrepa ville verte iverksett automatisk dersom ikkje Serbia skreiv under ein fredsavtale. Men trusselen var allereie truverdig, problemet låg som nemnt i at den ikkje var tilstrekkeleg alvorleg. Eg argumenterte for at årsaka til at NATO likevel iverksette trusselen, var at alliansen ønskte å bevare sin truverdighet. Når det gjaldt Serbia si avgjersle 3. juni om å skrive under ein fredsavtale (juni-avtalen), drøftar eg ei rekkje moglege årsaksfaktorar til at Serbia gav etter, og konkluderar med at det var lite truleg at nokon av desse åleine kunne forklare kvifor Serbia skreiv under avtalen. På denne bakgrunn nyttar eg teorien om samanvevde spel (nested games), og ser på tre andre spel der Serbia/Milosevic var aktør samstundes med spelet mellom Serbia og NATO. Felles for desse tre spela var at dei hadde innverknad på Milosevic-regimet sin maktposisjon i Serbia. Det fyrste av desse spela, var eit mellom Serbia og UCK. Eg viste til at Serbia i dette spelet allereie på eit tidleg stadium av krigen (byrjinga av april) hadde oppnådd det dei ønska, og at dei etter dette stadig mista terreng til UCK. Det andre spelet eg peika på, var eit mellom Milosevic og opinionen. I dette spelet var Milosevic sin gevinst avhengig av at øydelegginga som følgje av NATO si bombing ikkje vart for omfattande. Det siste spelet var mellom Milosevic og opposisjonen. Også i dette spelet kunne Milosevic miste sin gevinst dersom dei serbiske tapa og sivile øydeleggingar vart for omfattande. Eg konkluderte med at desse tre spela kunne forklare Serbia sitt tilsynelatande suboptimale handlingsval i spelet med NATO. Ved å nytte denne teorien om samanvevde spel, vart det dermed mogleg å peike på konkrete faktorar som gjorde det rasjonelt for Serbia å skrive under fredsavtalen.nor
dc.language.isonoben_US
dc.subjecthovedoppgave statsvitenskapen_US
dc.titleKosovo: krig og fred : på leit etter rasjonelle forklaringar på krigen i Kosovo våren 1999-en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2003-07-04en_US
dc.creator.authorSunde, Tom Daniel Øyrehagenen_US
dc.subject.nsiVDP::240en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Sunde, Tom Daniel Øyrehagen&rft.title=Kosovo: krig og fred&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2000&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-35628
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo1463en_US
dc.contributor.supervisorJon Hovien_US
dc.identifier.bibsys000978833en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata