Abstract
Alle som i moderne tid har studert ved eit universitet eller ein høgskule her i landet har på ein eller annan måte vore i kontakt med den organisasjonen som er tema for oppgåva; Studentsamskipnadene. For nokre av studentane er studentsamskipnaden sine tilbod avgjerande for å kunne fullføre studia sine, for andre er samskipnaden ein organisasjon som ein knapt registrerer i løpet av studietida.
For dei som har hatt eit nært forhold til samskipnadane her til lands, er ein kan hende overraska når ein kjem til ein utanlandsk lærestad og ser at oppgåvene gjerne vert handtert av utdanningsinstitusjonen sjølv.
Det er Stortinget som gjennom sin lovgjevande og løyvande funksjon har ansvaret for at rammevilkåra knytt til studiekvardagen er tilfredsstillande. Korleis ein kan oppnå tilfredsstillande rammevilkår, er derimot mellom anna knytt til val mellom ulike måtar å organisere desse på.
Fokus i denne oppgåva vert retta mot nettopp mot den norske modellen , etableringa av studentsamskipnader, for å leggje til rette nokre av dei tilboda staten meiner skal vere ein del av rammevilkåra for studentane. Ei vesentleg side av oppgåva vert å fokusere på dei prosessane som har gjeve den utviklinga vi har i Noreg fram mot studentsamskipnadane slik vi kjenner dei i dag, dette noko spesielle særlovselskapet.
Oppgåva drøftar følgjande problemstilling:
Kva for tilhøve kan forklare utviklinga fram mot dagens samskipnadsmodell?
Ei analyse av utviklinga av samskipnadsmodellen for ivaretakinga av studentvelferden, med utgangspunkt i instrumentell og institusjonell teori.
Aktørane mine (uavhengige variablar) i analyseskjemaet er først og fremst studentar, politikarar, departement, offentlege utval, utdanningsinstitusjonar og studentvelferdsorganisasjonar.
Den meir praktiske innfallsvinkelen er å drøfte denne organisasjonsutviklings prosessen over eit langt tidsperspektiv, men med hovudvekt på 1900-talet. Ut av den spørjande problemstillinga formulerer eg fleire hypotesar til dei ulike fasene eg deler materialet inn i. Undervegs i desse fasene vert det eg kallar kritiske hendingar skildra og drøfta.
I den første fasen som strekker seg fram til krigsutbrotet syner studentane seg å vere den drivande krafta i utviklinga av ein felles velferdsorganisasjon. Både utdanningsinstitusjonar og politikarar står på mange måtar som passive tilskodarar på sidelina heilt til mot slutten av denne perioden.
I tida frå 1945 til 1965, som eg har kalla vekstfasen, vert det etablert fleire studentsamskipnader som øver påtrykk i den vidare utviklinga. Langt fleire aktørar kopler seg på den vidare prosessen og gjer forsøk på å øve innverknad.
Frå 1965 og fram mot i dag, den fasen eg har kalla avviklingsfasen, vert samskipnadsmodellen på mange måtar sett under press både frå studentar og andre. Mange offentleg nedsette utval kjem med relativt tunge utfall mot den måten studentvelferden er organisert på.
Oppgåva avslutter med ei kort drøfting av det hittil siste innspelet knytt til høgare utdanning med innspelet frå Ryssdalutvalet.
Hovudkonklusjonane er at prosessen ber preg av skiftande deltaking og forklaringsfaktorar frå både institusjonell og instrumentell teori. Det som kan hende er det mest markante i prosessen er at deltakarane i så stor grad kopler seg til og frå prosessen. Studentane som var dei tydelegaste aktørane innleiingsvis, ser ut til langt på veg å ha kopla seg av, medan utdanningsinstitusjonane får styrkt si stilling i og med overtakinga av det strategiske ansvaret for studentvelferden.
På mange måtar representerer dei siste lovendringane at studentsamskipnadane vert fråteke makt og mynde. Avslutningsvis går oppgåva litt inn i denne problematikken og konkluderer med at lovendringane nok ikkje hittil har gjeve dei heilt store utslaga for studentsamskipnadane.
Ryssdalutvalet si innstilling går enno lenger i retning av å vingestekke samskipnadane, og temaet i oppgåva har i høgste grad relevans også inn i dei næraste åra.