Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T09:16:19Z
dc.date.available2013-03-12T09:16:19Z
dc.date.issued1993en_US
dc.date.submitted2002-10-01en_US
dc.identifier.citationLeirvik, Reinert Andreas. Stortingets finanspolitikarar og petroleumsskatten. Hovedoppgave, University of Oslo, 1993en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/13160
dc.description.abstractSTORTINGETS FINANSPOLITIKARAR OG PETROLEUMSSKATTEN. EIN CASE-STUDIE AV KORLEIS PETROLEUMS-SKATTEREFORMA 1992 BLEI BEHANDLA I STORTINGETS FINANSKOMITÈ. Oppgåva er ein studie av Stortingets rolle i samband med omleggingane av petroleumsskatten i 1992, som kom opp som sak m.a. på grunn av den generelle skattereforma. Dette var ei teknisk sett svært komplisert og vanskeleg tilgjengeleg sak. Hovudproblemstillinga for oppgåva er korleis Stortinget deltok i prosessen og i kva grad ein var i stand til å påvirke behandlinga og utfallet av saka. Fokus er på dei medlemmene av Finanskomitèen som arbeidde særskilt med saka, og korleis dei gjekk fram for setje seg inn i saka og behandle henne politisk. Eg er særleg opptatt av korleis dei gjekk fram for å handtere informasjon, som kom frå henholdsvis oljeselskapa og Finansdepartementet, vidare korleis finanspolitikarane sjølv gjekk fram for å informere sine respektive partigrupper. Eg har valt å nytte prinsipal-agent teori i analysen, og legg mest vekt på desse relasjonane: * Finanspolitikarane (agent) - Partigruppe (prinsipal). * Finanspolitikarane (prinsipal) - Finansdepartementet (agent). I tillegg ser eg på korleis representantane hadde kontakt med oljeselskapa i forhold til desse relasjonane. Eg arbeidde sjølv på Stortinget, som gruppesekretær for stortingsrepresentant Anders Aune, i den perioden denne saka var til behandling. Særskilt følgde eg arbeidet i Finanskomitèen på nært hald. Til ein viss grad kan ein seie at data er samla inn gjennom deltakande observasjon. Men først og fremst kviler det empiriske materialet på data samla inn gjennom intervju, med stortingsrepresentantar og ei rekkje andre aktørar. Vidare sjølvsagt på offentlege dokument, utkast til innstilling, korrespondanse og avisartiklar. Som det går fram av tittelen og opplegget elles, er dette ein case-studie. Eg nyttar vanleg historisk metode i analysen. Analysen syner at saka aktiviserte svært få stortingsrepresentantar og fekk lite merksemd i partia sine gruppestyre. Det blei i hovudsak opp til finanspolitikarane sjølv å utforme partia sine standpunkt. Omsynet til statens inntekter blei vurdert som viktigare enn dei konkrete utslaga for oljeselskapa. Det skjedde ikkje endringar av framlegget under stortingsbehandlinga, men prosessen i komitèen førte til at Høgre tok dissens (ved sida av Frp, SV og Aune). Det er imidlertid for enkelt å seie at Stortinget ikkje hadde innverknad. På eit tidlegare stadium i prosessen gav KrF og Sp signal om kva framlegg dei kunne akseptere. Prosessen vidare var prega av at Regjeringa antesiperte reaksjonane i Stortinget. Partia hadde ulike strategiar for å hente inn informasjon i saka. Det var strid om berekningar og verknader mellom oljeselskapa og Finansdepartementet. Eit stort fleirtal stilte seg ut frå politiske vurderingar bak opplysningane frå departementet. Det var ikkje særleg omfattande kontakt mellom finanspolitikarane og departementet, og uformell kontakt spelte inga rolle i det heile tatt. Prinsipal-agent problema i relasjonen overfor departementet blei delvis redusert gjennom signal-gjeving, og elles ikkje opplevd som noko problem av finanspolitikarane. Lite blei gjort for å motvirke prinsipal-agent problem i relasjonen mellom komitèmedlemmene og deira respektive grupper.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.subjecthovedoppgave statsvitenskap DEWEY: Finanskomiteen:stortinget:en_US
dc.titleStortingets finanspolitikarar og petroleumsskatten : ein case-studie av korleis petroleums-skattereforma 1992 blei behandla i Stortingets finanskomiteen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2003-07-04en_US
dc.creator.authorLeirvik, Reinert Andreasen_US
dc.subject.nsiVDP::240en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Leirvik, Reinert Andreas&rft.title=Stortingets finanspolitikarar og petroleumsskatten&rft.inst=University of Oslo&rft.date=1993&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-38491
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo128en_US
dc.identifier.bibsys932587070en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata