Abstract
I denne oppgåva har eg hatt som mål å finne ut om det er sannsynleg at eit regime til fordel for tvungne miljømigrantar kjem til å verte oppretta. Dette gjer eg gjennom ei kvalitativ innhaldsanalyse av dokument publisert av fire aktørar innan klimafeltet og flyktningfeltet. Denne innhaldsanalysen er basert på fire kriterium som eg meiner er talande for om desse kjem til å vere initiativtakarar for eit eventuelt regime. I fylje teori må eit slikt leiarskap til for at eit regime skal bli oppretta. Desse dokumenta er difor analysert for å finne om dei kan seie at desse aktørane har dei nødvendige karakteristikkane for å verte ein slikt aktør, og ut frå dette kunne seie noko om sannsynet for eit regime til fordel for tvungne miljømigrantar.
Ut frå analysa kan det konkluderast med at tvungne miljømigrantar er ei gruppe som er langt framme i bevisstheita til viktige aktørar innan miljø og flyktningspørsmål. Dette grunngjev eg med dei aktørane eg har velt ut jamt over, med eit unnatak har god innsikt i denne gruppa sine problem og har gitt visse insentiv til at dei ynskjer ein større debatt om temaet.
Ut frå dette kan det hevdast at det mellom dei fire aktørane eg har sett på er teikn til at tre av dei i ei ikkje alt for fjern framtid kjem til å ta leiinga i utarbeiding av ein internasjonal avtale for tvungne miljømigrantar. Desse har alle kunnskap om denne gruppa og viser teikn til å ville å gjere noko konkret for å hjelpe desse menneska.