Abstract
Tidlegare studiar har vist at paracetamol blir mykje brukt til førskuleborn(1). Feber er viktigaste årsaka til at foreldre vil gi paracetamol til born (2). Mange foreldre har feberfobi (3), noko som kanskje fører til at temperatur i for stor grad vert vektlagd i vurdering av sjukdomsgrad og bruk av paracetamol til born.
Klinisk avgjersleanalyse vart brukt til å finne kva faktorar av temperatur, aktivitet, appetitt og tid på døgnet foreldre legg vekt på i vurdering av sjukdomsgrad, vurdering av bruk av paracetamol, vurdering av å gi ekstra drikke, vurdering av å kle av barnet og vurdering av om dei vil sjå an situasjonen, vekke barnet om natta eller kontakte helsevesenet.
Vektingane av faktorar vart funne ved hjelp av diskriminantanalyse, ein type logistisk regresjon.
Studien viste at temperatur er den faktoren flest foreldre legg vekt på i vurdering av sjukdomsgrad og kva tiltak dei vil setje i verk når born er sjuke. Ofte er temperatur den einaste faktoren som vert vektlagd. Feberfrykt kan vere ei av årsakene til at feber vert vektlagd i så stor grad.
Born reagerar ulikt på feber og feberhøgde er eit dårleg mål på sjukdomsgrad (4). Det er behov for å lære foreldre å legge mindre vekt på temperatur og meir vekt på allmenntilstand i vurdering av sjukdomsgrad og bruk av paracetamol til born.
Metoden gav flest svar for foreldre med høg utdanning.