Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T08:30:32Z
dc.date.available2013-03-12T08:30:32Z
dc.date.issued2006en_US
dc.date.submitted2006-02-06en_US
dc.identifier.citationBjørhovde, Ingunn. Undersøkingar av celler sin respons på intern bestråling med lågenergetiske elektron ved ultralåge doseratar. Hovedoppgave, University of Oslo, 2006en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/11133
dc.description.abstractSamandrag Humane celler sin respons på stråling endrar seg med varierande doseratar. I denne oppgåva har to humane cellelinjer vorte bestrålte med ultralåge doseratar for å kartleggje effekten av strålinga ved bestrålingstider på fleire veker. Det vart nytta celler frå brystkreftcellelinja T-47D og livmorhalskreftcellelinja NHIK 3025. Celle- og kjernediametrane til desse cellene vart funne ved hjelp av fasekontrast- og fluorecsensmikroskopiske undersøkingar. Dei midla cellediametrane vart funne til å vere(14 ± 1) μm og (17 ± 2) μm, med tilhøyrande kjernediametrar på (11 ± 1) μm og (13 ± 2) μm, for høvesvis T-47D- og NHIK 3025-cellene. Cellene vart bestrålte i kultur ved at ei viss mengd av den radioaktive isotopen [3H] (tritium) vart inkorporert i cellene. [3H] var bunde til den essensielle aminosyra valin som vart inkorporert gjennom proteinsyntesen. Dosimetri- og effektforsøk vart gjort med spesifikk aktivitet på 1,5 Ci/mol i media. Inkorporeringsforløpet vart kartlagt for dei to ulike celletypane ved hjelp av væskescintillasjonsteljing. Det vart funne at radioaktiviteten hadde nådd eit stabilt nivå (steady state) i cellene etter om lag 100 timar. Doseratane og totaldosane til cellekjernane vart då berekna ut i frå ein modell for cellulær dosimetri utvikla av Goddu et al. (1997). Etter at steady state var nådd, vart doseratane til cellekjernen funne til å vere (0,015 ± 0,004) Gy/time for T-47D-cellene og (0,013 ± 0,003) Gy/time for NHIK 3025-cellene. Doblingstidene til cellene vart bestemt både for celler som voks på medium med [3H]-valin og for ubestrålte kontrollceller som voks på medium tilsett ikkje-radioaktiv valin. Det vart gjort eksperiment med celler som hadde vorte bestrålte i opp til 22 veker. Utover i bestrålingsforsøka vart det observert ei endring i doblingstid. Det viste seg at dei bestrålte cellene hadde generelt ei lenger doblingstid enn kontrollcellene. Celleoverlevingsforsøk vart gjort for bestrålingstider opp til 20 veker. Det vart funne at både T-47D- og NHIK 3025-cellene tolererte bestrålinga gjennom heile bestrålingsperioden. Etter eit par vekers bestråling vart det observert ei minke i overlevinga ned til om lag 60-80 %. Overlevinga heldt seg stabil på dette nivået og noko vidare minke vart ikkje observert. Cellesyklusfordelinga til dei bestrålte cellene vart funne ved ulike tidspunkt i bestrålingsperiodane, ved hjelp av flowcytometri. Det vart ikkje funne noko tydeleg endring i cellesyklusfordelinga.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.subjecthumane celler lavenergetiske elektroner celleoverlevelse vekstkurver doseresponsen_US
dc.titleUndersøkingar av celler sin respons på intern bestråling med lågenergetiske elektron ved ultralåge doserataren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-05-19en_US
dc.creator.authorBjørhovde, Ingunnen_US
dc.subject.nsiVDP::430en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Bjørhovde, Ingunn&rft.title=Undersøkingar av celler sin respons på intern bestråling med lågenergetiske elektron ved ultralåge doseratar&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2006&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-12226en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo35982en_US
dc.contributor.supervisorErik Olai Pettersenen_US
dc.identifier.bibsys06084972xen_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/11133/1/HOVUDFAG.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata