Hide metadata

dc.contributor.authorStorehaug, Tore
dc.date.accessioned2024-02-27T00:30:07Z
dc.date.available2024-02-27T00:30:07Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.citationStorehaug, Tore. Historieforteljing i Gulatingslova - Mostratinget, einekongen og rettarbøtene. Master thesis, University of Oslo, 2023
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/108652
dc.description.abstractDenne oppgåva utforskar historieformidlinga og dei retoriske grepa i Gulatingslova. Lovteksten gir flest opplysingar om Mostratinget (1024) av alle kjeldene vi har overlevert. Framstillinga av lovene og lovnadane frå Mostratinget passar inn i den norske investiturstriden mellom Sverre I Sigurdsson og erkebiskop Eirik Ivarsson kring 1200. Sverres saga og En tale mot biskopene gjer det alderdommelege eigenkyrkjevesenet til ein parallell til kongen si makt over kyrkja, og sporar denne ordninga attende til Olav II og kristninga av landet. Gulatingslova fortel derimot at Olav II lova Grimkjell og fastsette at biskopen skulle rå for kyrkjer og presteutnemingar. Gulatingslova sine rettarbøter frå Magnus I Olavsson (1024-1047) og Håkon Toresfostre (1066-1093) er fortalt med eit tilbakeskodande perspektiv og spelar på motivet med «Alfiva-lovene» frå sogelitteraturen. Rettarbota lagar presedens for rettarbøter ved kongekroning og syner einekongen i lys av kyrkjeidealet om ein rettvis konge. Kommentaren i lovteksten som fortel kva «Atle» sa fram for mennene i Gula synes å spele på det litterære biletet frå skaldekvadet Bersöglivisur av Sigvat Tordsson (ca 1040) om den grå mannen på tinget, forklart som «Atle» i sogelitteraturen. Tolkinga av dette verket i sogelitteraturen synes å vere ein nøkkel for presentasjonen av Olav II som opphavet til lovene. Denne ideen blir meir konkret og detaljert i konfliktane under Sverre I sitt dynasti. Bøte- og kompensasjonsregistra i lovteksten er overlappande. Ved to tilfelle er kjelda nemnd; frostatingslagmannen Bjarne Mårrson (ca. 1145-1223) og Gulatinget. Kjennskapen vår frå liknande register på Island og i England, samt omtalen av registeret i Frostatingslova syner at slike register ikkje vart brukt i drapsoppgjer. Dei er juridiske øvingar som fortel om ideologiske poeng. I Gulatingslova er dette ei hierarkisk ordning av samfunnet og ei ætteforståing som byggjer på slektskapsprinsippa frå kanonisk rett. Gulatingslova fortel og ei subtil historie gjennom dei retoriske grepa i lovteksten. Desse fortel om ein sjølvstendig norsk lovgjevingstradisjon og utelet alle reformkyrkjelege og danske kjelder. Lovteksten legg til grunn at «vi» er ein kristen, lov- og sedvanestyrt fellesskap. Medan pronomenet «du» synes å peike mot ein stormann og «eg» kan vitne om ein opplæringssituasjon. Dei absurde overdrivingane og rituala i teksten kan vere med fordi teksten har hatt eit pedagogisk formål, som lovtekstane Gratian sine dekret og Grágás.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.titleHistorieforteljing i Gulatingslova - Mostratinget, einekongen og rettarbøtenenno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2024-02-27T00:30:07Z
dc.creator.authorStorehaug, Tore
dc.type.documentMasteroppgave


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata