Hide metadata

dc.contributor.authorSeljebotn, Hanne Margrete
dc.date.accessioned2024-02-10T00:30:37Z
dc.date.available2024-02-10T00:30:37Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.citationSeljebotn, Hanne Margrete. Luftslott eller framtida? Ein kvalitativ studie av innbyggarane i Mo i Rana si forståing av etablering av battericellefabrikken i deira kommune, i kontekst av berekraftaspektet.. Master thesis, University of Oslo, 2023
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/107817
dc.description.abstractEg vil i denne studien ut frå psykologisk perspektiv undersøke korleis dei lokale innbyggarane i Mo i Rana forstår den nye etableringa av battericellefabrikken i sin kommune og undersøke synet deira på batteri og berekraft. Etableringa er den fyrste av sitt slag i Noreg, og prosjektet får statleg stønad for å vere ein del av Noregs bidrag inn i det grøne skiftet. Etableringa kan tenkjast å bidra til lokal, nasjonal og global berekraft. Det har vore blanda respons på korleis lokale stader aksepterer implementering av ulike klimaretta prosjekt i sine kommunar, til dømes vindmølleparkar. Såleis er det viktig å forstå korleis lokale innbyggarar i Mo i Rana forstår ei ny klimaretta etablering i kommunen. På den eine sida forstår deltakarane etableringa som eit positivt tilskot til byen, der den skaper arbeidsplassar slik at ein nedadgåande befolkningsvekst kan snu om. Ettersom byen har kompetanse på industri og fabrikken blir plassert på eit nøytralt, ikkje naturøydeleggjande industriområde, ser ein etableringa som positiv for lokal sosial og økonomisk berekraft. På den andre sida er deltakarane skeptiske til løfta om storskalaetablering som fyrst vart lova, for regionen har ei forhistorie om feilinvesteringar av kommunen eller såkalla «luftslott». Deltakarane snakkar i hovudsak om ringverknadane av etableringa, med både positive og skeptiske aspekt. Det er òg slik deltakarane oppfattar at det blir diskutert i omgjevnadene sine. Vidare har dei eit nyansert syn på berekrafta for batteri, også som ein nødvendig del av det grøne skiftet. Fordelane med fabrikken og lokal berekraft blir vektlagt meir enn den miljømessig globale berekrafta fabrikken kan bidra til.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.titleLuftslott eller framtida? Ein kvalitativ studie av innbyggarane i Mo i Rana si forståing av etablering av battericellefabrikken i deira kommune, i kontekst av berekraftaspektet.nno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2024-02-10T00:30:36Z
dc.creator.authorSeljebotn, Hanne Margrete
dc.type.documentMasteroppgave


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata