Hide metadata

dc.date.accessioned2024-01-30T11:49:25Z
dc.date.available2024-01-30T11:49:25Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/107248
dc.description.abstractUtgravinga vart utført i oktober–november 2022 i samband med dispensasjon for drenering av ca. 91 daa på Gjerdrum nordre. Lokaliteten låg i dyrka mark i delvis bakkeplanert ravinelandskap, og det vart opna langs ein rygg i vestre del innanfor lokalitetsavgrensinga. I alt vart om lag 2500 m2 maskinelt flateavdekka, fordelt på tre flater. 58 strukturar vart påvist; av desse var 35 kokegroper eller kolflekkar og 14 var stolpehol. Fem groper og ei nedgraving vart målt inn, i tillegg vart tre lag målt inn i eit dyrkingsprofil. Trekolprøver vart vedartsanalysert og datert. I tillegg vart jordprøver frå laga i dyrkingsprofilet og frå enkelte kokegroper og stolpehol analysert for identifisering av makrofossil. Utover ugras (meldestokk, Chenopodium album, og linbendel, Spergula arvensis) vart det ikkje funne makro fossil i prøvematerialet. Utgravingsresultata stadfester til dels registreringsrapporten og målsetjingane i prosjektplanen, då det i all hovudsak var kokegroper, stolpehol og dyrkingslag som vart påvist og undersøkt, men både dyrkingslag og bygningsspor var i beste fall usikre. Høgdedraget nordvest på lokaliteten låg godt til, og var venta å ha spor etter forhistoriske gardsbygningar, men bakke planering på staden har ført til at berre relativt djuptgåande strukturar var bevart på flata. Det var ikkje mogleg å finne noko overtydande mønster i oppstillinga av dei bevarte stolpehola. Det er òg noko tvil om alderen og informasjonspotensialet til dyrkingslaget som vart påvist i registreringa; framfor alt skuldast dette truleg bakkeplaneringa. Laget låg ovanpå eit kollag datert yngre bronsealder, men det var til dels omrota, spesielt øvst i laget, og det kan truleg definerast som eit fossilt dyrkings- eller kulturlag frå etterreformatorisk tid. Kokegropene låg stadvis samla i klynger, og truleg har same stad vore nytta til same føremål ved fleire høve. Sidan undersøkinga var den første i Gjerdrum kommune på lang tid, er undersøkinga av kokegropene eit bidrag til det store datamaterialet som utgjer kokegroper på Austlandet. Dateringane ligg innanfor eit spekter mellom ca. 350 f.Kr. og ca. 600 e.Kr., med hovudvekta liggande i intervallet 200–550 e.Kr. Prosjektleder: Ole Christian Lønaas.en_US
dc.language.isonoen_US
dc.publisherKulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo Arkeologisk seksjon
dc.publisherKulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo Arkeologisk seksjon
dc.relation.ispartofRapport Arkeologisk utgravning
dc.titleKokegroper og jordbruksspor frå bronsealder til folkevandringstid. Gjerdrum nordre, 2/2, Gjerdrum, Viken.en_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.creator.authorBortheim, Kjetil
dc.type.documentForskningsrapporten_US


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata