Hide metadata

dc.contributor.authorFriis, Amalie Torkelsen
dc.date.accessioned2023-09-21T22:00:53Z
dc.date.available2023-09-21T22:00:53Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.citationFriis, Amalie Torkelsen. Dygdetikk som ramme for undersøkingar om kva som ligg eit godt liv. Master thesis, University of Oslo, 2023
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/105219
dc.description.abstractSamandrag I denne oppgåva set eg lys på eit tema om korleis ein bør gå fram for å undersøke spørsmål knytt til eit godt liv. Formålet mitt kan difor sjåast som eit grunnriss for å seie noko om kva som bør være på plass før ein tar fatt på diskusjonar om kva som utgjere eit godt liv. Eg går altså ikkje inn på å diskutera kva eit godt liv innebera, men med utgangspunkt i ei intuitiv forståing av kva som ligg i eit godt liv, vise eg til nokre ting som må være på plass for å diskutere det. Til dette formålet tar eg utgangspunkt i dygdetikk, med grunn i at det er ein normativ teori som etter mitt syn innehar nokre viktige element for å kunne diskutera spørsmål knytt til eit godt liv. Desse elementa legg eg fram ved å sjå dygdetikk i lys av to andre normative teoriar, nemleg utilitarisme og pliktetikk. Gjennom å engasjere meg med innvendingar til dygdetikk presentert av Hursthouse, i tillegg til utfordringar med moralske dilemma, får eg fram at dygdetikk sitt bidrag til moralsk rettleiing fungere på ein anna måte enn for utilitarisme og pliktetikk. I motsetnad til dei andre, unngår dygdetikk å setje fram førehandsbestemte svar på kva som er riktig handling, noko eg argumenter for som ein styrke opp mot mitt formål. Denne styrken tydeleggjere eg ved å engasjere meg med Philippa Foot sitt forslag om kvifor vi bør gå ut i frå fakta om mennesket som utgangspunkt for moralske vurderingar. Denne styrken går ut på at dygdetikk ser på alle relevante faktorar for å vurdere kva som er riktig å gjere i ein gitt situasjon. Eg konkluderer med at dygdetikk er eit eigna utgangspunkt for å diskutera spørsmål knytt til eit godt liv med grunn i at den har rom for å ta omsyn til alle relevante faktorar i sitt bidrag til moralsk rettleiing.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.titleDygdetikk som ramme for undersøkingar om kva som ligg eit godt livnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-09-22T22:00:36Z
dc.creator.authorFriis, Amalie Torkelsen
dc.type.documentMasteroppgave


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata