Hide metadata

dc.contributor.authorHjortdal, Hedda
dc.date.accessioned2023-09-08T22:03:23Z
dc.date.available2023-09-08T22:03:23Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.citationHjortdal, Hedda. Ibsen på nett: Ein analyse av litteraturformidlinga og etosen til Wikipedia og Store norske leksikon. Master thesis, University of Oslo, 2023
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/104707
dc.description.abstractOppgåva analyserer litteraturformidlinga og etosen til encyklopediane Store norske leksikon (SNL) og Wikipedia med utgangspunkt i nettartiklane om Henrik Ibsen. Temaet ligg i eit møtepunkt mellom fleire fagtradisjonar innanfor nordisk-faget: Ibsen-studiar, litteraturformidling, retorikk og norskdidaktikk. Med ein organisasjonsstruktur som forankrar SNL i akademisk forskingsformidling har leksikonet ein sterk innleiande og institusjonell etos. For Wikipedia, med anonyme bidragsytarar og mange fordommar knytt til seg, er ikkje etosen like stor verken innleiande eller institusjonell. Anonymiteten gjer at det for mange vert utrygt å stole på dei litterære analysane og vurderingane på Wikipedia. Men funna i denne studien tyder på at Wikipedia faktisk reflekterer delar av Ibsen-feltet betre enn SNL. Artikkelen på Wikipedia er både meir omfangsrik, refererer til nyare Ibsen-forsking, nyttar ein meir akademisk referanse-stil og presenterer informasjonen på ein meir mottakar-orientert måte. Dette er overraskande ettersom SNL har tilsett fagansvarlege professorar for kvalitetssikring av innhaldet. Det er professor i litteraturvitskap, Erik Bjerck Hagen, som er fagansvarleg for artikkelen om Ibsen på SNL. Eg argumenterer for at posisjonen hans i det litterære forskingsfeltet påverkar bodskapen i artikkelen. SNL gir enkeltforskarar diskursiv makt over artiklar innanfor sine fagfelt og dette utfordrar målet til SNL om å vere ein upersonleg og balansert leksikon for forskingsformidling. Basert på desse analysane spør eg om det er eit innebygd dilemma for litteraturformidling hjå nettleksikon at den kanskje ikkje kan vere nøytral, fordi litteraturformidling inneber å velje ut på bakgrunn av nettopp verdivurderingar. Til slutt drøftar eg nokre implikasjonar av funna i oppgåva, som eg meiner er relevante for alle som underviser og som møter spørsmål om bruk av Wikipedia og SNL.nno
dc.language.isonno
dc.subjectIbsen
dc.subjectEtos
dc.subjectWikipedia
dc.subjectNettleksikon
dc.subjectStore norske leksikon
dc.subjectLitteraturformidling
dc.titleIbsen på nett: Ein analyse av litteraturformidlinga og etosen til Wikipedia og Store norske leksikonnno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-09-09T22:00:38Z
dc.creator.authorHjortdal, Hedda
dc.type.documentMasteroppgave


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata