Hide metadata

dc.contributor.authorTotland, Jannicke
dc.date.accessioned2023-09-08T22:03:00Z
dc.date.available2023-09-08T22:03:00Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.citationTotland, Jannicke. «Du skal få ein miljøaksjonist!» Nøkkelfaktorar i framvekst av miljøengasjement og betydning av signifikante andre i utvikling av eit aktivt økologisk medborgarskap. Master thesis, University of Oslo, 2023
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/104694
dc.description.abstractØkologisk medborgarskap har vorte føreslegen som eit omgrep for å definere kven som utgjer fellesskapet som skal møta utfordringane knytt til klima- og naturkrisa. Skulen har ei viktig rolle i å gje omgrepet innhald, fordi undervisninga formidlar perspektiv på kva som definerer normene for eit aktivt medborgarskap. Denne samfunnsfagdidaktiske masteroppgåva undersøker kva og kven som påverkar læringsprosessane mot eit aktivt økologisk medborgarskap, med fokus på sosial læring, handlekompetanse og identitetsutvikling. I utforskinga av påverknadsfaktorane har eg analysert semi-strukturerte livshistorieintervju med åtte noverande og tidlegare sentralstyremedlem i ein norsk miljøorganisasjon for unge. Problemstillingane er: (1) Kva faktorar har vore retningsgivande for miljøengasjementet til informantane? Og (2) Kva betyding har signifikante andre hatt i unge si utvikling av eit aktivt økologisk medborgarskap? For å undersøke problemstillingane blir det brukt teori om danning og transformativ læring, der problemstillingane ytterlegare er delt inn i fem forskingsspørsmål: (1) Kva kjenneteikna livssituasjonen til informanten når hen vart aktiv i miljørørsla? (2) Kva kjenneteikna viktige relasjonar i perioden informanten vart aktiv i miljørørsla? (3) Kva betydning har relasjonane hatt i utvikling av miljøengasjementet? (4) Korleis skildrar informanten endringane hen har gjennomgått etter å ha blitt aktiv i miljørørsla? (5) Korleis forstår informanten ansvar, rettar og handlekraft for individ og grupper når det gjeld miljøet hen lever i og bidreg til? Resultata viser ei kompleks forteljing om kva og kven som har vore retningsgivande for miljøengasjementet til informantane. Studien viser at skulen må fokusere på løysingar og moglegheiter elevane har til å påverke, både som enkeltpersonar og i fellesskap. For å oppnå denne forma for engasjement viser funna betydninga av dialog, samarbeid og refleksjon i læringsprosessen, der læring ikkje berre bør bli sett på som ein prosess for å tileigne kunnskap, men for å utvikla identitet, kritisk medvit og forståing av verda. På den måten er sosial læring avgjerande for identitetsutvikling og opnar opp for at det ikkje berre er læraren som kan påverke læringsprosessane til eit aktivt medborgarskap, men òg andre signifikante andre på skulen og i livsverda til elevane utanom.nno
dc.language.isonno
dc.subjectutdanning
dc.subjectkonstant komparativ analyse
dc.subjectbærekraft
dc.subjectnarrativ analyse
dc.subjecttransformativ læring
dc.subjectsosial læring
dc.subjecthandlekompetanse
dc.subjectdanning
dc.subjectkritisk tenkning
dc.subjectlivshistorieintervju
dc.subjectØkologisk medborgerskap
dc.subjectsamfunnsfagdidaktikk
dc.subjectidentitetsutvikling
dc.title«Du skal få ein miljøaksjonist!» Nøkkelfaktorar i framvekst av miljøengasjement og betydning av signifikante andre i utvikling av eit aktivt økologisk medborgarskapnno
dc.title.alternative"You will get an Environmental Activist! Key Factors in the Rise of Environmental Engagement and the Importance of Social Relations in the Development of an Active Ecological Citizenship."eng
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-09-09T22:00:23Z
dc.creator.authorTotland, Jannicke
dc.type.documentMasteroppgave


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata