Hide metadata

dc.contributor.authorSiqveland, Henrik
dc.date.accessioned2023-09-07T22:01:23Z
dc.date.available2023-09-07T22:01:23Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.citationSiqveland, Henrik. Om korleis Hans Nielsen Hauge “ligesom ble udmærket og traadte frem paa denne Verdens Skueplads”. Ein konstitutiv retorisk kritikk av fire sjølvbiografiske skrift av Hans Nielsen Hauge. Master thesis, University of Oslo, 2023
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/104552
dc.description.abstractHans Nielsen Hauge (1771–1824) skreiv i 1796 sitt fyrste sjølvbiografiske skrift, då han i tillegget til Betragtning om Verdens Daarlighed skildra livet sitt i Løbebanen. Kven var denne 25-åringen som gjekk så hardt ut mot lokale embetsmenn og stoda til kristendommen? Kvifor fekk han så mange tilhøyrarar, og på berre åtte år nådde eit opplag på bøkene sine som svarte til over ein femtedel av folketalet i Noreg på den tida? I denne oppgåva undersøkjer eg konstitutiv retorikk i fire tekstar av Hans Nielsen Hauge. Oppgåva er ein retorisk kritikk, med retorisk nærlesing som metode. Oppgåva syner at Hauge i hovudsak hentar autoriteten sin frå sine opplevingar med Gud, som han dinest skildrar i dei sjølvbiografiske skrifta sine. Opplevingane er både eingongshendingar, kontinuerlege indre kampar og teikn frå Gud som stadfester prosjektet til Hauge. Han konstituerer ein åndeleg stridsmann, ein persona, med ein bestemt målestokk for kva sann åndelegheit er. Denne målestokken kunne tilhøyrarane hans måla seg opp mot, og på den måten er det ei innskriven formaning i sjølvet. Andre spørsmål oppgåva tek opp, er tilhøvet mellom sjanger og sjølvkonstituering, utvikling av denne konstitueringa gjennom forfattarskapet, og tilhøvet mellom forsvar grunna i eige ethos og forsvar gjennom konstituering av eit sjølv.nno
dc.language.isonno
dc.subject
dc.titleOm korleis Hans Nielsen Hauge “ligesom ble udmærket og traadte frem paa denne Verdens Skueplads”. Ein konstitutiv retorisk kritikk av fire sjølvbiografiske skrift av Hans Nielsen Haugenno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-09-08T22:00:19Z
dc.creator.authorSiqveland, Henrik
dc.type.documentMasteroppgave


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata