Hide metadata

dc.date.accessioned2023-03-24T12:25:21Z
dc.date.available2023-03-24T12:25:21Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/101823
dc.description.abstractI samband med utbygging av dobbeltspor for jernbane, InterCity Nykirke-Barkåker i Vestfold, gjennomførte Kulturhistorisk museum arkeologiske undersøkingar av lokaliteten Adal vestre (id 229871), i perioden 4. mai–6. september 2019. Lokaliteten låg i skogsmark fordelt på to funnførande flater i hellande terreng, i sørvestleg ende av ein nord-sørgåande åsrygg, mellom 64–72 moh. Flatene er undersøkt og definert som to delområde: Adal vestre 1 og 2. Etter undersøkinga fekk lokaliteten eit samla areal på 5906 m2 ( Adal vestre 1 er avgrensa til om lag 4600 m2 og Adal vestre 2 til om lag 500 m2). Ved samtidig strand har Adal vestre vore lokalisert på sørenden av ei øy, i skjergardslandskap, på vestsida av dagens Oslofjord. Utgravinga resulterte i funn av totalt 14 309 steingjenstandar; 8976 frå Adal vestre 1 og 5333 frå Adal vestre 2. I tillegg vart det samla inn høvesvis 60 og 35 flintgjenstandar frå Adal vestre 1 og 2 ved registreringsundersøkinga til VFK. Steingjenstandane består i hovudsak av flint men òg av øksebergartar, sandstein, metarhyolitt, porfyr og andre finkorna steinråstoff. Funn frå Adal vestre 2 er tolka som sannsynlege spor av ein bustad (t.d. teltliknande struktur). Lokaliteten er datert ved hjelp av typologi/teknologi, fem C14-analysar og strandlinjedatering til ca. 7100-6900 f.Kr., til midtre del av mellommesolitikum. Begge delområda har truleg vore besøkt fleire gonger i dette tidsrommet. I tillegg vart det ved C14-datering av strukturar, påvist spreidd aktivitet på Adal vestre 1 frå eldre bronsealder til mellomalder. Prosjektleder; Inger Marie Berg-Hansen.en_US
dc.language.isonoen_US
dc.publisherKulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo Arkeologisk seksjon
dc.relation.ispartofRapport Arkeologisk utgravning
dc.titleEn boplass fra mellommesolitikum med mulig teltring. Adal vestre, delrapport InterCity Vestfold. Adal vestre, 57/1, Horten kommune, Vestfold og Telemark fylke.en_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.creator.authorGranados, Tina
dc.type.documentForskningsrapporten_US


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata