Hide metadata

dc.contributor.authorRostøl, Idunn Victoria
dc.date.accessioned2023-03-23T23:01:22Z
dc.date.available2023-03-23T23:01:22Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.citationRostøl, Idunn Victoria. Frå landevegen til himmelstigen: Ein metaforteoretisk analyse av framstillingane av ungane i Misjonens månadsblad Fra landeveien.. Master thesis, University of Oslo, 2022
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/101807
dc.description.abstractFra landeveien var eit månadsblad som blei gitt ut av Norsk misjon blant hjemløse frå 1898 til 1988. Organisasjonen blei stifta av Jakob Walnum i 1897 med mål om å skapa “omstreifarar” om til fastbuande, og i åra 1907 til 1986 var dei i praksis einerådande når det kom til utføringa av assimileringspolitiske tiltak retta mot gruppa i Noreg. Tiltaka dreidde seg spesielt om to område: omsorgsovertaking av ungar og tvungen busetting. Fleire ungar blei tatt frå foreldra og omsorgsansvaret for dei blei overført til Misjonen, som plasserte dei i barne- eller pleieheimar. Denne oppgåva handlar om korleis ungane blei framstilte i Fra landeveien, der materialet er eit utval artiklar frå årgangane 1898 til 1915. Formålet med å undersøka desse framstillingane er å nå ein djupare innsikt i førestillingsverda til Misjonen, der ungane spelte ei sentral rolle. Spørsmåla eg er opptatt av er fleire, men dei botnar alle i det grunnleggande og tilsynelatande enkle spørsmålet: Korfor var Misjonen så opptatte av desse ungane? For å granska dette spørsmålet nærare har eg undersøkt dei ulike metaforane som blir nytta i bladet for å skildra og forstå ungane, gjennom å analysera dei ved hjelp av metaforteoretiske omgrep og samtidig knyta dei til den historiske konteksten dei oppstod i. Noko som har interessert meg spesielt i lesinga av desse metaforane er korleis dei forheld seg til spørsmål om arv og miljø når det kjem til ungane. Misjonen hadde frå byrjinga av som premiss at ungane kunne omskapast gjennom forandra omgivnadar og moralsk påverknad, men etter kvart blei trua på omskapinga kryssa av genetiske førestillingar. I løpet av 1920- og 30-talet blei biologiske raseperspektiv stadig meir dominerande i norsk samfunnsliv, òg i Misjonen. Diskusjonane om arv og miljø dukka likevel ikkje fyrst opp i Misjonen i 1920-åra, men var til stades allereie frå byrjinga i 1897 og føregjekk kontinuerleg. I oppgåva viser eg korleis fleire ulike, og til tider motstridande, forståingar av ungane og deira foranderlegheit kjem fram gjennom metaforbruken i Fra landeveien, og eg set dei forskjellige metaforane i samanheng med dei ulike kunnskapstradisjonane dei sprang ut av. Åra eg skriv som, som er tidsrommet 1898–1915, er ei spennande, men lite omtalt, tid i Misjonens historie, og Fra landeveien har dessutan ikkje tidlegare vore gjenstand for forsking i seg sjølv. Analyse av Misjonens skildringar av ungane har heller ikkje vore hovudsaka for føregåande arbeid om Misjonen. Oppgåva mi gir eit nytt blikk på korleis ungane og Misjonen blei skildra av Misjonen i dei fyrste åra, og ho opnar dessutan opp diskusjonar om arv og miljø i Misjonens fyrste år som ikkje har blitt skildra før.nno
dc.description.abstractFra landeveien was a monthly magazine published by Norsk misjon blant hjemløse (the Norwegian Mission Among the Homeless, the Mission for short) from 1898 to 1988. The organization was founded by Jakob Walnum in 1897 with the goal of assimilating Romanifolk ("travellers"). From 1907 to 1986, Norsk misjon blant hjemløse was the main actor in implementing assimilation policies aimed at this group in Norway. The measures specifically focused on two areas: taking over the care of Romani children and forced settlement. Several children were taken from their parents, and the Mission assumed responsibility for their care, placing them in orphanages or foster homes. My thesis examines how these children were portrayed in Fra landeveien, with the material consisting of selected articles from the volumes published between 1898 and 1915. The purpose of this investigation is to gain deeper insight into the Mission's worldview, where children played a central role. There are several questions I am exploring, all boiling down to the fundamental question: Why was the Mission so concerned with these children? To delve further into this question, I have analyzed the various metaphors used in the magazine to describe and understand the children. I have approached this analysis using metaphorical theoretical concepts and linking them to the historical context in which they emerged. What particularly interests me in examining these metaphors is how they relate to questions of nature and nurture in relation to the children. From the outset, the Mission believed that the children could be assimilated through changes in their environment and moral influence. However, over time, this belief in transformation was intersected by genetic beliefs. In the 1920s and 1930s, biological racial perspectives gained increasing dominance in Norwegian society, including within the Mission. It is important to note that discussions of heredity and environment did not arise solely in the 1920s but were already present since the Mission's inception in 1897 and persisted throughout. In my thesis, I demonstrate how various and, at times, conflicting understandings of the children emerge through the use of metaphors in Fra landeveien. I also connect these metaphors to the different knowledge traditions from which they originated. The period I am exploring, 1898-1915, is an interesting but under-discussed time in the Mission's history. My thesis provides a new perspective on how Romani children were understood by the Mission, by looking into discussions regarding nature and nurture from the Mission's early years, which have not been previously described.en
dc.language.isonno
dc.subjectNorsk misjonshistorie
dc.subjectbarndom
dc.subjectnorsk idéhistorie
dc.subjectmetaforteori
dc.subjectromani
dc.subjectmisjon
dc.titleFrå landevegen til himmelstigen: Ein metaforteoretisk analyse av framstillingane av ungane i Misjonens månadsblad Fra landeveien.nno
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-03-24T23:00:18Z
dc.creator.authorRostøl, Idunn Victoria
dc.type.documentMasteroppgave


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata